Biolog John Bjarne Jordal

John Bjarne Jordal

 

Glimt fra artsmangfoldet

Sopp

Entoloma cremeoalbum er ein ny art for vitskapen som er funnen nokre plassar i Oppdal 2006-2010. Biletet viser ein del av typematerialet fotografert i grasmark på Aunsetra i Oppdal (Sør-Trøndelag) saman med Perry G. Larsen 30.08.2010. Artikkel med publisering av arten vart trykt i desember 2010 og kan lesast her.
Den nybeskrivne arten Entoloma cremeoalbum vart første gong funnen i naturbeitemark på Nervika i Oppdal (Sør-Trøndelag) i august 2006, biletet er tatt her 11.09.2006.
Under ei vekelang soppsamling i Hattfjelldal, vart plommekølle Clavaria greletii (VU) forevist på tidlegare kjent veksestad i kalkrik høgstaudeeng i Holmvassdalen, Grane (Nordland) av Jostein Lorås 31.08.2010. Denne arten har få funn i Noreg.
Stankraudskivesopp Entoloma nausiosme (DD) har ei kraftig, ubehageleg lukt, forevist av Machiel Noordeloos i kalkrik høgstaudeeng i Holmvassdalen, Grane (Nordland), 02.09.2010. Dette var truleg fjerde funnet i landet.
Kalkmosehatt Gerronema (=Cantharellopsis) prescotii vart funnen i kalkrik høgstaudeeng i Holmvassdalen, Grane (Nordland) 31.08.2010.
Inocybe tricolor er ein sjeldan, kalkkrevande trevlesopp som vart funnen under ein ekskursjon i kalkfuruskog i Hattfjelldal (Nordland) 01.09.2010. Dette er andre funnet i landet.
Karstraudskivesopp Entoloma excentricum (VU) er ein kalkkrevande beitemarkssopp som er funnen i kalktørrenger nokre stader i landet, her på Helle i Nordherad, Vågå (Oppland) 23.08.2010 som ein del av ARKO-prosjektet.
Grå småfingersopp Clavulinopsis cinereoides (NT) er ein sjeldan beitemarkssopp, her fotografert på Aunsetra, Oppdal (Sør-Trøndelag) 30.08.2010.
Sandjordtunge Geoglossum arenarium er ein nokså sjeldan sekksporesopp som veks saman med krekling i open sandrik jord. Her er han avbilda i sandrik naturbeitemark ved Vigdelsanden i Sola (Rogaland) 23.09.2010.
Raudnande lutvokssopp Hygrocybe ingrata (VU) er ein beitemarkssopp som er nokså sjeldan, og finst oftast i gamle, ugjødsla og artsrike naturbeitemarker. Her er han funnen på Negardssetra ved Vognill, Oppdal (Sør-Trøndelag) 17.08.2010 i ARKO-prosjektet.
Revekjuke (tidlegare brun ospekjuke) Inonotus rheades er ei kjuke med ei søraustleg utbreiing i Noreg. Her er eitt av få funn på Vestlandet, på ei ospelåg i Årosåsen i Sokndal (Rogaland) 27.09.2010.
Reinroseriske Lactarius dryadophilus veks som namnet tyder på saman med reinrose. Biletet er teke på Gjevilvasskamman i Oppdal (Sør-Trøndelag) så tidleg som 31.07.2010.
Ramaria flavescens er ein av mange store, kjøttfulle korallsoppar som veks i kalkskog, og som no vert utgreia i eit eige prosjekt. Biletet er teke ved Grova i Liabygda, Stranda (Møre og Romsdal) under haustsopptreffet 12.09.2010, og bestemt av Ilkka Kytövuori (meddelt av Tor Erik Brandrud).

Planter

Handmarinøkkel Botrychium lanceolatum (NT) vart funnen på ein kjent lokalitet, Nordre Strondsætra i Vågå i ARKO-prosjektet 22.08.2010.
I Storfjorden på Sunnmøre vart det funne fleire fine slåttemarker, m.a. her på Kilsti i Eidsdal, Norddal kommune 20.07.2010, med brudespore Gymnadenia conopsea og prestekrage Leucanthemum vulgare.
Biletet viser ein art i hårsvæve-gruppa som kanskje heiter bakkesvæve Hieracium moechiadium, funnen i gammal slåttemark på Nedre Ljøen, Stranda (Møre og Romsdal). Truleg same art vart funnen fleire stader i Storfjorden på Sunnmøre i 2010. Mange artar i denne gruppa er truga av endringar i det moderne kulturlandskapet.
Finnmarkssiv Juncus arcticus fotografert på ein vårtur i Grøvudalen, Sunndal (Møre og Romsdal) 06.06.2010, dette er kanskje einaste plassen i Møre og Romsdal at denne plantearten veks.
Fjellnøkleblom Primula scandinavica (NT) fotografert på ein vårtur i Grøvudalen, Sunndal (Møre og Romsdal) 06.06.2010.
Svartkurle Nigritella nigra (EN) vart ettersøkt i m.a. Oppdal (Sør-Trøndelag) som ledd i ei handlingsplan for arten. Ein god bestand vart funnen i fjellet ved Orkelkroken aust i kommunen 16.07.2010, på ein tidlegare kjent lokalitet.
Firtann Teucrium scorodonia har ei lita utbreiing i Agder-fylka og Rogaland, her fotografert på ei berghylle i beita utmark på Årosåsen i Sokndal (Rogaland) 27.09.2010.
Ullurt Logfia arvensis (NT) er ein tørrengart som finst mest i dalstroka på Austlandet. Biletet er teke på Søre Blessom i Vågå 23.08.2010 som ledd i ARKO-prosjektet.
Engtjæreblom Viscaria vulgaris er ein tørreng- og tørrbergart med sparsam førekomst i Møre og Romsdal. Her er han avbilda i ein vegkant i Fjørå, Stranda kommune 17.06.2010.

Mosar

Praktdraugmose Anastrophyllum donnianum (VU) er ein sjeldan oseanisk mose som finst nord til Eide på Nordmøre. I 2010 vart det lagt ut overvåkingsfelt her, i Ørsta og i SF Flora. Biletet er frå Endestadnipa i Flora. Perry G. Larsen og Dag Holtan har gjort mange nye funn på Sunnmøre i 2010.
Gullhårmose (Breutelia chrysocoma) vart funnen saman med Perry G. Larsen i store mengder i fosserøyksonen ved den nordvendte fossen Friaren i Geirangerfjorden 10.08.2010. Denne arten har ei oseanisk (kystbunden) utbreiing, og er sjeldan så langt inn i landet.

Lav

Eikelav Flavoparmelia caperata (NT) har ei sørleg utbreiing langs kysten av Sørvestlandet men og i dalane på Austlandet. Biletet er teke ved Lauvåsen i Sokndal (Rogaland) 30.09.2010.
Grå punktlav Punctelia subrudecta (EN) er ein sjeldan, sørleg-oseanisk (kystbunden) lavart med få funn i landet (Sørvestlandet). Biletet er teke på ein ny lokalitet, ein sumpskog langs ein bekk ved Nesvåg, Sokndal (Rogaland) 24.09.2010 (kontrollbestemt av Tor Tønsberg).